Ingrid Baltzersen (fødd 16. oktober 1980) er ein norsk politikar frå Raudt. Ho sat i Oslo bystyre i perioden 2007-2011, der ho blant anna representerte Raudt i Samferdsle- og miljøkomiteen.
Baltzersen har arbeidd som trikkeførar i Oslotrikken. Ho har også ein mastergrad i midtaustenstudiar, masteroppgåva handla om den egyptiske demokratibevegelsen Kifaya.[1]
2006-2007 var ho leiar for Arbeidernes Kommunistparti (AKP). Ho har i fleire år vore sentral i Palestinakomiteen sitt arbeid i Oslo. Baltzersen voks opp i Stavanger, men flytta til Oslo i 1999.
Referansar
Bakgrunnsstoff