International Federation of the Phonographic Industry (IFPI) er ein global organisasjon som representerer platebransjen. IFPI vart stifta i 1933 i Italia. I dag er IFPI registrert i Sveits og har hovudkontoret sitt i London.
Organisasjon
IFPI representerer i dag 1450 plateselskap i 75 land, internasjonalt, regionalt og nasjonalt. Hovudkontoret, som ligg i London, koordinerer organisasjonen og arbeider internasjonalt innan område som juss, framføringsrettar og teknologi.
På eit regionalt plan er IFPI delt i tre organisasjonar som kvar representerer platebransjen i Asia, Europa og Latin-Amerika. Føderasjonen består òg av 32 nasjonale organisasjonar som representerer og arbeider for IFPI sine medlemmer på eit nasjonalt nivå. Organisasjonen samarbeider med ei rekkje andre organisasjonar i til saman 48 land, mellom anna RIAA.
Tenester
IFPI tilbyr fleire tenester for medlemmane sine.
- IFPI arbeider for å innføre og utvide opphavsretts- / copyright-lovgjevingar, både når det gjeld fysisk- og nettdistribusjon.
- Lobbying overfor lovgjevande forsamlingar, statlege regjeringar og internasjonale organisasjonar.
- Koordinering av eit internasjonalt arbeid mot piratkopiering.
- Markedsundersøkingar av platemarknaden og piratmarknaden.
- Informasjon og samfunnskontakt gjennom kampanjar og events.
- Utvikling av teknologiske metodar for å verne opphavsrett.
- Ressursar innan juss, handel og teknologi.
- Informasjon og nyhende.
IFPI Norge
I Noreg vart IFPI Norge stifta i 1939 som ein interesseorganisasjon for norske fonogramprodusentar. IFPI Norge representerer plateselskap som står for rundt 90 % av norsk platesal. Samskipnaden samarbeider med FONO, interesseorganisasjonen for uavhengige norske plateselskap. Saman deler dei to organisasjonane ut Spellemannprisen og tildeler salstrofé i musikkbransjen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff