I sin tilsynelatande motsetnad mellom ein klar etnisk/kulturell definisjon på den eine sida og relativt stor geografisk spreiing og lokal variasjon i språk og kultur og tildels genetikk på den andre, er problema med ein klar definisjon ikkje ulike dei tilsvarande problema med definisjonen av sigøynarar som folkegruppe.
Etter rabbanittisk-jødisk religiøs lov (sjå Halakhá) er du jøde om du (1) er fødd av ei jødisk mor eller(2) om du har konvertert til jødedommen. Nokre andre jødiske grupper reknar farsarven som avgjerande for om nokon er jødisk. I dei moderne rabbanittisk-jødiske retningane reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom godtek mange rabbinarar nokon som jødisk anten dei har jødisk mor eller far, så lenge dei har fått ei jødisk oppseding.
I følgje Bibelen var israelsfolket opphavleg inndelt i tolv stammar. Dette stammesystemet braut i hovudsak saman for over 2000 år sidan, med unntak av Levi (levittane), med si undergruppe kohaním (prestar). Desse to gruppene har framleis sine spesifikke rollar i synagogen — noko som kan ha vore med på å halde oppe identiteten deira. Stammetilknytinga blir, i motsetnad til det å vera jøde, arva på farssida.
Konvertering
Det jødiske synet på misjon og konvertering har variert mykje gjennom historia og varierer òg mykje mellom ulike jødiske grupper. I askenasiskortodoks jødedom er hovudsynet at misjon er ulovleg og at konvertering bør vera ein lang prosess med høge krav. Andre retningar av jødedommen har for det meste meir toleranse for misjon og ein noko enklare konverteringsprosess — noko som fører med seg at ikkje-ortodokse konverteringar ofte ikkje blir godtekne av ortodokse rabbinarar.
I dei fleste jødiske gruppene er hebraisk det grunnleggjande språket for kulturelt samanbindande religiøse ritual, inkludert livssyklusritual. Dei tradisjonelt sett viktigaste unntaka er Beta Israel og bené Israel, som hadde mist hebraisk som språk ein gong føre nyare tid. Viktige språk med halvsakral status inkluderer arameisk i dei fleste jødiske gruppene, og lokalt òg språk som jødearabisk, spansk, jødespansk, portugisisk, gresk og jiddisch.
Morsmål har tradisjonelt vore eit av språka nemnde ovanfor eller andre lokale språk i området der ein budde.
Hebraisk gjekk av bruk som morsmål ein gong kring byrjinga av den moderne tidsrekninga, men var gjennomgåande bruka i religiøs samanheng ved sida av araméisk og etterkvart arabisk. Frå kring 1000-talet av vart hebraisk bruka i aukande grad for dikting, jødisk teologi, filosofi og vitskap.
Som munnleg spontanspråk har hebraisk vore i bruk i varierande grad i handel, jødisk utdanning og internasjonalt samkvem meir eller mindre kontinuerleg. I Éres Jisraél (det historiske Israel, delar av det historiske landskapet Palestina) har hebraisk vore mykje i bruk (ved sida av arabisk og jødespansk) blant sefardiske og mizrahiske jødar sidan slutten av 1400-talet.
I hovudtrekk har askenasiske jødar vore nekta innreise og busetjing i Noreg frå 1600-talet og fram til 1814, med enkelte periodar der innreise (men ikkje busetjing) lét seg gjera med leidebrev. Sefardiske jødar hadde for det meste innreise- og bustadsrett føre 1814, men svært få nytta seg av dette.
Frå 1814 av var det totalt innreiseforbod for alle jødar. Sefardiske jødar fekk atterstadfest innreise- og busetjingsretten av den norske høgsteretten i 1845, men askenasiske jødar fekk ikkje innreise- og busetjingsrett før grunnlovsendringa i 1851.