Jørpeland er ein by og administrasjonssenteret i Strand kommune i Rogaland fylke. Jørpeland har 7 534 innbyggjarar per 1. januar 2023, og fekk bystatus den 1. april 1998.
Lokale attraksjonar
Jørpelands Brug
Inst i Vågen i Jørpeland ligg Jørpelands Brug i eit bygg frå 1883. Frå starten var det ein møbel- og trevarefabrikk i huset, men det har vorte bygd om til selskapslokale og historisk utstilling.
Preikestolen Golfklubb
Den lokale golfklubben Preikestolen Golfklubb har ein golfbane med ni hòl like ved Preikestolen. Næraste store by er Stavanger, som ein kjem til ferjesamband frå Tau i Ryfylke eller Oanes.
Galleri Skjæveland
Galleriet viser skiftande utstillingar med etablerte kunstnarar. Kunstgalleriet vert drive av den figurative målaren Stian Heimlund Skjæveland.
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff