John Symon Asher «Jack» Bruce (14. mai1943–25. oktober2014) var ein skotsk musikar og låtskrivar, mest kjend som ein av medlemmane i den britiske powertrioenCream. Han hadde ein solokarriere som dekte fleire tiår og har spelt i lag med mange kjende musikarar. Mest kjend var han som vokalist og bassgitarist og har vorte kalla «ein pioner i verdsklasse på hovudinstrumentet sitt; ein komponist av nokre av dei mest minneverdige rockesongane i vår tid; ein dyktig klassisk-, jazz- og latinamerikansk musikar og ein av dei mest særeigne og stemningsfulle stemmene i popmusikken.»[1] Han kunne òg spele klassisk cello. Sunday Times skreiv «... mange reknar han som ein av dei største bassistane gjennom tidene.»[2]
↑Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 127–128. ISBN1-84195-017-3.
Bibliografi
Brigitte Tast, Hans-Jürgen Tast „be bop - Die Wilhelmshöhe rockt. Disco und Konzerte in der Hölle" Verlag Gebrüder Gerstenberg GmbH & Co. KG, Hildesheim, ISBN 978-3-8067-8589-0.