Nielsen var fødd i Kristiania, der faren var handelsagent. 1786-87 var han utanlands for å lære seg handel. I åra frå 1797 til 1805 var han tilsett på kontoret til rikaste mannen i Noreg, Bernt Anker. Då Anker døydde i 1805 vart Nielsen hovudstyrar i "Det Ankerske fideikommis", ein posisjon han hadde til fideikomisset gjekk konkurs i 1819.
Nielsen var agent med rang av justisråd frå 1808. Perioden 1810-12 ytte han lån til statskassa.
16. februar1814 deltok Nielsen på stormannsmøtet på Eidsvoll. På det overordentlege stortinget hausten 1814 var han 2. representant for Kristiania. 1814-18 var han meddirektør (styremedlem) i riksbanken.
Nielsen døydde på garden sin Skansgården i Vinger i 1822.