«Jailhouse Rock» er ein song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller og som først vart spelt inn og gjeven ut av Elvis Presley. Songen kom ut på singel 24. september 1957 samstundes med filmen med same namn, som hadde Elvis i hovudrolla.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 67. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]Rock and Roll Hall of Fame omtalar han som ein av 500 songar som forma rock and roll.
Singelen vart gjeven ut med «Treat Me Nice» som B-side og gjekk til første plass på poplista i USA der han låg sju veker i strekk.