Jean-Claude «Baby Doc» Duvalier (3. juli 1951–4. oktober 2014) var ein haitisk politikar. Han var president frå 1971 til 1986.
Han etterfølgde faren sin, Francois Duvalier («Papa Doc»), som president på livstid i 1971, og begge desse styrte Haiti med eit reint terrorregime.
Etter ei folkerøysting i 1985 der han fekk gjennomslag for at tittelen som president på livstid skulle legitimerast, vart det store opptøyar på Haiti, og han måtte reise i eksil til Frankrike. Han skal òg ha teke med seg mesteparten av statskassen til landet i flukta.
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |