Ei jentegruppe (engelsk girl group) er ei musikalsk gruppe som består av fleire kvinnelege songarar som generelt syng i lag i harmoni. Omgrepet «jentegruppe» vert i snevrare forstand nytta om ei bølgje av amerikanske kvinnelege popgrupper, mange påverka av doo-wop, som oppstod seint i 1950- og tidleg i 1960-åra då den første rock and roll-bølgja var på hell og før den britiske bølgja byrja.[1][2]
Band der alle medlemmane er kvinner og spelar alle instrumenta sjølv vert vanlegvis rekna som noko anna, og vert stundom omtalt som «jenteband».[3]
Etter kvart som musikk- og radioindustrien oppstod, oppstod ei rekkje jentegrupper, som Andrews Sisters. Seint i 1950-åra dukka ei rekkje kvinnelege vokalgrupper opp og i alt var det 750 jentegrupper som gav ut songar som nådde salslistene i USA og Storbritannia mellom 1960 og 1966.[4]The Supremes aleine fekk 12 singlar på toppen av Billboard Hot 100 på sitt mest populære og gjennom heile den britiske bølgja var dei nesten like populære som The Beatles.[5] I seinare tider har jentegruppe-malen blitt nytta innan disco, moderne R&B og country, i tillegg til innan pop. Ein meir globalisert musikkindustri førte til at danseprega popmusikk vart ekstremt populært.[6] Denne bølgja, leia av USA, Storbritannia, Sør-Korea og Japan, har skapt særs populære grupper og åtte grupper som debuterte etter 1990 har seld meir enn 15 millionar fysiske album kvar. Sidan seint i 2000-åra
har òg Sør-Korea blitt særs populære og åtte av dei ti mest nedlasta jentegruppene verda over kjem derfrå.
↑Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. s. 950, 959, 964, 967, 969, 970, 983, 984, 988–990. ISBN0-89820-155-1.