Audubon, som var fødd i Les Cayes i den franske kolonien Saint-Domingue (i dag i Haiti),
utdanna seg i sin første ungdom i Paris til målar under Jacques-Louis David. I 1803 utvandra han til USA og levde deretter som farmar i Pennsylvania og dreiv ivrig ornitologiske studiar.
1826 reiste Audubon tilbake til Europa, der han møtte dei fremste naturforskarane i samtida og byrja utgjevinga av sine framifrå kolorerte teikningar av amerikanske fuglar: Birds of America. Boka kom ut i fire band, med 435 måleri, i London i tida 1828-39. År 1829 vende Audubon tilbake til Nord-Amerika og skreiv tekst til dei førnemnde teikningane. Illustrasjonar og tekst vart utgitt som American ornithological biography, eit fembandsverk som kom ut i Philadelphia frå 1831 til -39.
Etter eit nytt besøk i Europa slo han seg ned på Manhattan ved New York og byrja på eit biletverk over pattedyra i Nord-Amerika; The quadrupeds of America. Verket kom ut i Boston mellom 1843 og -49 i form av tre band. Med teksta til Biography of American quadrupeds (Philadelphia 1846-50) fekk han hjelp av John Bachman.
Dei livaktige skildringane til Audubon var bygt på langvarige undersøkingar i naturen.