João Bernardo «Nino» Vieira (27. april 1939–2. mars 2009) var president i Guinea-Bissau frå 1. oktober 2005 til han vart drepen i eit attentat i mars 2009. Vieira hadde tidlegare hatt makta frå 1980 til 1999, då han vart tvungen frå makta etter ein borgarkrig.
Han gjorde politisk nydebut i 2005, då han vann presidentvalet. Vieira vart drepen av opprørssoldatar 2. mars 2009, få timar etter at militærsjefen i Guinea-Bissau, general Batista Tagme Na Wai, vart drepen i ein bombeeksplosjon.[1]
Kjelder