Jørgen Bernhoft Lysholm (17. mars 1796–24. september 1843) var ein norsk forretningsmann og industrigründer i fødebyen Trondheim. Han var farfar til Bjarne Lysholm.
Lysholm var son til ein kjøpmann. I 1821 grunnla han eit brenneri- og destillasjonsfirma i Trondheim og dreiv produksjon og handel med brennevin og vin. Akevitten Lysholm er kalla opp etter han. To søner tok over firmaet då han døydde 47 år gammal i Frankfurt am Main.
Kjelder