Schaffhausen er den nordlegaste kantonen i Sveits. Han har eit areal på 298 km2 og hadde 82 000 innbyggarar i 2018. Byen Schaffhausen er hovudstad i kantonen.
Schaffhausen er den einaste kantonen i Sveits som praktiserer røysteplikt.
Geografi
Kantonen er både i vest, nord og aust omkransa av delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. Schaffhausen har grense til kantonane Zürich og Thurgau. Nesten heile kantonen ligg på nordsida av Rhinen, som er grenselinje mellom Schaffhausen og dei førnemnde kantonane. Schaffhausen består av tre åtskilde landområde, eitt stort og to små. Dei to små ligg høvesvis i aust og i sør for hovudområdet. Ramsen og Stein am Rhein ligg i aust, medan Rüdlingen ligg i sør. Ein tysk enklave, Büsingen am Hochrhein, ligg inneklemt mellom kantonane Schaffhausen, Thurgau og Zürich. Størsteparten av kantonen ligg på eit platå, der høgste punktet er 912 meter over havet.
Demografi, språk og religion
21,9% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er offisielt skriftspråk og dominerande talemål i Schaffhausen, den lokale dialekta høyrer til høgalemannisk. 50% av innbyggarane er knytt til protestantiske kyrkjesamfunn, medan 24% soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Byen Schaffhausen gjekk i 1454 inn ein allianse med seks av kantonane i det sveitsiske eidsforbundet. Alliansen vart i 1478 også omfatta Uri og Unterwalden. År 1501 gjekk Schaffhausen inn i det sveitsiske eidsforbundet og vart ein eigen kanton.