Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Kjøllefjord

Kjøllefjord
tettstad
Kjøllefjord i juni 2015.
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Lebesby
Areal 0,45 km²
Folketal 836  (2023)
Folketettleik 1 858 / km²
Postnummer 9790 KJØLLEFJORD
Kart
Kjøllefjord
70°56′44″N 27°20′47″E / 70.945555555556°N 27.346388888889°E / 70.945555555556; 27.346388888889
Wikimedia Commons: Kjøllefjord

Kjøllefjord er ein tettstad i Lebesby kommune, nordaust i Finnmark. Staden har 836 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg inst i Kjøllefjorden, på vestsida av Nordkinnhalvøya, og er administrasjonssenteret i kommunen.

Kjøllefjord er òg eit kyrkjesokn i Den norske kyrkja.

Historie

Kjøllefjord vart som resten av Finnmark rasert av den tyske krigsmakta då dei måtte trekkje seg attende frå området i 1944.

Samferdsle og næringsliv

Hurtigruta har daglege anløp i Kjøllefjord.

Den viktigaste næringsvegen er fiske og fiskeindustri.

Verdas nordlegaste bokhandel er Nordkyn bok og papir i Kjøllefjord.[1]

Geografi

Staden ligg mindre enn ein breiddegrad frå det nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet, og han ligg tre lengdegradar frå Hornøya, det austlegaste punktet i Noreg.

Kjelder

  1. Jens Kihl. Rekordbygda: Under-dog. Klassekampen. 2018-07-17. S. 11
Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Kembali kehalaman sebelumnya