Kohoutek (formelt 'C/1973 E11973 XII og 1973f) er ein komet oppdaga 7. mars 1973 av den tsjekkiske astronomen Luboš Kohoutek. Han var då 4,6 AU frå sola, og tidlege utrekningar tyda på at han nær perihel ville bli særs lyssterk. Men Kohoutek nådde ikkje stort over grensa for at ein kunne sjå han med det nakne auga. Han nådde perihel den 28. desember same året.