Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Koral

Sjå òg korall.

Koral er eit fleirtydig omgrep knytt til kyrkjeleg song og musikk. Ordet kjem frå latin choralis, gresk khoros, jamfør kor.

Den opphavlege tydinga

Etter den opphavlege tydinga er koral den einstemmige, rytmisk frie songen nytta for framføring av liturgiske tekstar, spesielt i Den katolske kyrkja, hos oss nå vanlegvis kalla gregoriansk song.

Gammal avvikande tyding

Det første hundreåret etter reformasjonen vart gammal koralsong (gregoriansk song) enno bruka i evangelisk-lutherske kyrkjer. På denne tida vart ordet koral òg bruka om koralsongarane.

Moderne tyding

I moderne terminologi vert ordet koral i lutherske kyrkjer på germansk språkområde bruka om den einstemmige songen på morsmålet i kyrkjelyden, enkelt sagt alminneleg salmesong.

Martin Luther bruka uttrykket geistliche Lieder (åndelege viser) om denne songen. I den lutherske gudstenesta vart songen på morsmålet sentral, og i løpet av 1600-talet si form i salmesongen under nemninga koral.

Melodiar til salmar er samla i ei koralbok.

Kjelder

  • Kristen sang og musikk, Runa Forlag 1965
Kembali kehalaman sebelumnya