Krypt (av gresk kryptein, 'løyna') er eit meir eller mindre underjordisk rom eller gang,[1] ofte knytt til kristne bygningar.
Hjå dei første kristne viste «krypt» til større rom i katakombene. Seinare viste dei til underjordiske gravkapell, særleg for helgenar, som ofte blei anlagde under kyrkjekor og etterkvart også under andre delar av kyrkjerommet.[2]