Kungliga Operan (som tidlegare heitte Kungliga Teatern) eller Operan i Stockholm er Sveriges nasjonalscene for opera og ballett. Av førestillingane på Kungliga Operans scene er 60 prosent opera og 40 prosent ballett. Operabygninga er blir òg omtalt som Kungliga Baletten og Kungliga Hovkapellet. Noverande sjef for Operan er Birgitta Svendén. Kungliga Operan ligg i kvartalet Norrström, mellom Gustav Adolfs torg og Kungsträdgården på Norrmalm i sentrale Stockholm.