Land (frå norrøntland) er eit geografisk avgrensa område eller eit politisk-administrativt område med felles styre. Eit land kan vera ein suverenstat, men kan også vera ein mindre del av ein stat.[1]
Land blir gjerne rekna som suverene statar dersom dei har éi sentralisert styresmakt som har suverenitet over eit definert landområde med fast folkesetnad. Vidare må dei kunna ha internasjonle band med andre statar. Som regel reknar ein også med at land må ha diplomatisk anerkjenning frå andre land for å kunne verka som suverene statar. Usjølvstendige biland eller territorium kan reknast som land i nokre høve, men ikkje andre; innbyggjarar av Hong Kong var til dømes rekna som britiske undersåttar men ikkje statsborgarar då landet var under britisk styre, i dag har mange av dei særskilde britiske eller kinesiske Hong Kong-pass.[5]
↑«Legal Research Guide: United Kingdom». Law Library of Congress. 23. juli 2009. Henta 29. mars 2013. «The United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland is the collective name of four countries, England, Wales, Scotland and Northern Ireland. The four separate countries were united under a single Parliament through a series of Acts of Union.»; «countries within a country». 10 Downing Street website. 10 Downing Street. 10. januar 2003. Henta 22. september 2009. «The United Kingdom is made up of four countries: England, Scotland, Wales and Northern Ireland.»; «Commonwealth Secretariat — Geography». Commonwealth Secretariat website. Commonwealth Secretariat. 22. september 2009. Henta 22. september 2009. «The United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland (UK) is a union of four countries: England, Scotland, Wales and Northern Ireland.»; «Travelling Europe — United Kingdom». European Youth Portal. European Commission. 29. juni 2009. Henta 22. september 2009. «The United Kingdom is made up of four countries: England, Northern Ireland, Scotland and Wales.»