Lillesand er ein tettstad og kommunesenteret i Lillesand kommune i Agder fylke.
Tettstaden voks fram mot slutten av 1600-talet som lasteplass kring ei naturleg hamn. Lillesand blei ladestad 1821 og hadde stordomstid med seglskutetida i siste halvpart av 1800-talet. Frå 1830 hadde Lillesand bystatus. Folkeveksten stagnerte frå 1890-åra, og først etter siste krig begynte folketalet igjen å auke. I tiårsperioden 1995–2005 auka folketalet i Lillesand med 6,9 %.
Sjå òg
Kjelder
«Lillesand» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff