Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

MS «Bourbon Dolphin»

MS «Bourbon Dolphin»
Karriere
Type: Ankerhandteringsfartøy
Eigar: Bourbon Offshore Norway
Registreringshamn: Fosnavåg
Verft: Ulstein Verft i Noreg
Byggjenummer: 274
Sett i teneste: 2006
Jomfrutur: 2006
Lagnad: Forliste i 2007
Identifisering: IMO-nummer: 9351983
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 2 974 tonn
Lengd: 75,20 m
Dekkbreidde: 17,00 m
Djupgang: 17,5 m
Fart: 17,5 knop
Kapasitet: 486 m² lastedekk

MS «Bourbon Dolphin» var eit ankerhandteringsskip eigd av reiarlaget Bourbon Offshore Norway i Fosnavåg. Skipet var bygd ved Ulstein Verft i 2006 og var av typen «Ulstein A102.». Skipet kantra under ankring av flyteriggen Transocean Rather om lag 75 nautiske mil nordvest for Shetland, klokka 18.20 den 12. april 2007. Sju av mannskapet på 15 blei redda i live, tre blei funne omkomne og fem rekna som sakna.[1] Dei overlevande blei transportert til Lerwick på Shetland. Augevitne fortalde at ankerkjettingen kom over på babord side og drog båten rundt.[2]

Søndag 15. april kl. 22.16 sokk «Bourbon Dolphin» på 1100 meters djupne.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya