Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Ma'ale Adumim

Ma'ale Adumim
معاليه أدوميم, Ma'ale Adummim
by
Våpenskjold
Namneopphav: Raud oppstiging
Land  Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°46′30″N 35°17′53″E / 31.77500°N 35.29806°E / 31.77500; 35.29806
Areal 49,177 km²
Folketal 39 200  (2013)
Folketettleik 797 / km²
Grunnlagd 21. september 1975
 •  Bystatus 1991
Borgarmeister Benny Kashriel
Kart
Ma'ale Adumim
31°46′30″N 35°15′53″E / 31.775°N 35.264722222222°E / 31.775; 35.264722222222
Kart som viser Ma'ale Adumim.
Kart som viser Ma'ale Adumim.
Kart som viser Ma'ale Adumim.
Wikimedia Commons: Ma'ale Adumim

Ma'ale Adumim (hebraisk מעלה אדומים‎, arabisk معاليه أدوميم‎) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1976 og fekk bystatus av israelske styresmakter i 1991. Folketalet er 39 200.(2013) Ma'ale Adumim er den tredje største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Ma'ale Adumim ligg i Jerusalem-provinsen. Busetjinga ligg nær grensa mellom Israel og Vestbreidda, om lag 6 kilometer aust for Jerusalem, og mange av innbyggjarane er dagpendlarar til Jerusalem.

Dei palestinske styresmaktene reknar Ma'ale Adumim som ei stor hindring for ein framtidig palestinsk stat fordi området truar med å dela det palestinske området i to. Den israelske statsministeren Ariel Sharon sa i 2003 at ein eventuell fredsavtale med palestinarane måtte omfatta at Ma'ale Adumim og andre busetjingar ville verta ein del av Israel.[1] Ifølgje lekka dokument frå fredsforhandlingane mellom Israel og palestinarane avviste Israel i mai 2008 eit tilbod frå palestinarane om å gi opp mesteparten av Aust-Jerusalem fordi palestinarane ikkje også ville gi opp å få tilbake Ma'ale Adumim og Ariel.[2]

Venskapsbyar

Panorama avMa'ale Adumim

Kjelder

Fotnotar

  1. "Israel's 'linchpin' settlement" frå BBC 12. november 2005, på engelsk.
  2. "Israel spurned Palestinian offer of 'biggest Yerushalayim in history'" frå The Guardian 23. januar 2011, på engelsk.
  3. Alexander, Amanda (desember 16, 2010). «Maale Adumim becomes Williamsport's sister city». 

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya