Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Marcella Detroit

Marcella Detroit

Levy syng med Eric Clapton på turné i San Bernardino i California den 15. august 1975
Fødd21. juni 1952 (72 år)
FødestadDetroit i Michigan i USA
FødenamnMarcella Levy
AliasMarcy Levy
OpphavUSA
AktivSidan 1972
SjangerPop, rock
InstrumentVokal, gitar, munnspel
Stemmetypesopran
Tilknytte artistarEric Clapton, Shakespears Sister, Marcy Levy Band, Siobhan Fahey, Bob Seger, Stanley Clarke, Aurora, Vacuum, Marcella Puppini, Loverush U.K., Alex Dixon
PlateselskapPolydor (1975-1982)
Epic (1982)
Warner Bros. (1983-1988)
London (1988–1995)
AAA Records (1996–present)
Verka somSinger, låtskrivar, musikar

Marcella Detroit (fødd 21. juni 1952 som Marcella Levy)[1], også kjend som Marcy Levy, er ein amerikansk vokalist, gitarist og låtskrivar.[2] Ho var medlåtskrivar på hitten til Eric Clapton frå 1977, «Lay Down Sally» og ho gav ut debutalbumet sitt, Marcella i 1982. Ho var med i Shakespears Sister i 1988 i lag med den tidlegare Bananarama-medlemmen Siobhan Fahey. Dei to første albuma deira, Sacred Heart (1989) og Hormonally Yours (1992), nådde begge topp 10 på UK Albums Chart. Detroit song solovokal på den største hitten deira, «Stay», som låg åtte veker på toppen av UK Singles Chart i 1992.[3][4] Detroit slutta i bandet i 193 og fekk ein hit i Storbritannia med «I Believe» i 1994. Ho skipa The Marcy Levy Band i 2002, og kom på tredjeplassen i ITV-serien Popstar to Operastar i 2010.

Diskografi

Diskografien til Marcy Levy Band

Studioalbum

Tittel Detaljar
The Upside of Being Down

EP-ar

Tittel Tittel
Button Fly Blues
  • Utgjeve: 2003
  • Format: CD
  • Selskap: Hand Made

Filmar

År Tittel Rolle Merknad
1976 Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band Our Guests at Heartland Seg sjølv
1990 Beyond the Groove Musikar / haikar 1 episode
1996 Absolutely Fabulous Angel 2 episodar
1998 This Town Tracy Landau Hovudrolle

Kjelder

  1. Benarde, Scott. «Stars of David: Rock 'n Roll's Jewish Stories». Brandeis University Press, p. 241.
  2. Priya Elan. «Why I'd love to see a Shakespears Sister reunion | Music». The Guardian. Henta 21. januar 2019. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 493. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. «All The Official Singles Chart Number 1s». Officialcharts.com. 30. januar 2015. Henta 21. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya