Maria, Marie og Mari er norske variantar av det hebraiskekvinnenamnet מִריָם [mirjām], som tyder bitter, og var svært mykje brukt i tida Jesus levde. Især var det namnet til mor hans, ofte kalla jomfru Maria, og på grunn av dette er det blitt eitt av det vanlegaste i den kristne verda. Det opphavlege namnet finst framleis på hebraisk som Miriam, og på arabisk som Maryam eller Maryem (مريم).
Namnet kjem til oss frå den greskeseptuaginten som Mariam (Μαριαμ) og
Maria (Μαρια).
Ein kan òg skriva namnet som Mairi eller Maire på gælisk, Meri på gresk og Meriju på finsk. Mary er den engelske utgåva av Maria. Det har òg kome i bruk som eit norsk namn, då gjerne uttala «Marri» (men òg «Merri»). Namnet har fleire avleiingar, til dømes Mol, Molly, Polly, Mara, Misie, Mameie og Mally.
Maria kan òg brukast som mellomnamn for menn, som til dømes i Erich Maria Remarque.