Martin Provost (fødd 13. mai 1957) er ein fransk iscenesetjar (filmregissør) og skjønnlitterær forfattar fødd i Brest i Frankrike. Til å byrje med var han skodespelar ei tolv års tid, mellom anna engasjert i sju år som såkalla pensionnaire ved teatret Comédie-Française (Théâtre-Français) i Paris.
Filmar
- 1989: J'ai peur du noir (kortfilm)
- 1992: Cocon (kortfilm)
- 1997: Tortilla y cinema
- 2003: Le Ventre de Juliette
- 2008: Séraphine
- 2011: Où va la nuit
Romanar
- 1992: Aime-moi vite (utgjeve på forlaget Flammarion)
- 2007: Léger, humain, pardonnable (utgjeve på forlaget Éditions du Seuil)
- 2010: Bifteck (utgjeve på forlaget Éditions Phébus)
Ungdomsroman:
- 2009: La Rousse Péteuse (utgjeve på forlaget Gallimard)