Middelhavet (tidlegare også kalla Mellomhavet og Midhavet) er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historia, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.
Middelhavet har ei flatevidd på 2.965.000 km² og ei gjennomsnittleg djupne på 1.430 meter. Den største djupna er 5.267 (36°34' N, 21°08' O) meter. Delar av havet har fått namna Adriahavet, Det tyrrenske havet og Egearhavet.
«Naar ein fer Sjovegen sud-etter so langt som til
Sudsida av Spania, so kjem ein til ein ovlege stor
Fjord, som gjeng umkring som 500 Mil inn i Landet
og som er kallad Midelhavet (elder Midlandshavet).
Denne Sjoen er som eit Skilmerke fyre tri store
Deilder av Fastlandet; dei Landi, som liggja nordanfyre,
hava fenget Namnet Europa; Landi paa Sudsida
heita Afrika, og den store Landmuga austanfyre desse
tvo Deilderna heiter Asia elder Austerland.»
Områda rundt heile havet har våte vintrar og varme, tørre somrar. Særskilde avlingar ein kan dyrka i heile middelhavsregionen er oliven, druer, appelsiner og andre sitrusfrukter, og kork.
Namngjeving
Middelhavet har fått namnet sitt fordi det ligg midt mellom to land. På andre språk er dette endå tydelegare; franskMediterranée tyder sjøen mellom landa. Av romarane blei han gjerne kalla Mare nostrum, havet vårt.