«Milli Surood» (pasjto, دا وطن افغانستان دى) eller «Soroud-e melli» (dari), 'Nasjonalsongen', er nasjonalsongen til Afghanistan. Songen blei teken i bruk i 2006. Han har tekst av Abdul Bari Jahani og musikk av Babrak Wassa. I tråd med den afghanske grunnloven frå 2004 er teksten på pasjto, nemner alle dei afghanske folkegruppene, og inneheld utsegna Allahu akbar ('Gud er stor').
Tekst
Pasjto |
Transliterasjon |
Omsetjing
|
Første vers
|
دا وطن افغانستان دى دا عزت د هر افغان دى كور د سولې، كور د تورې هر بچى يې قهرمان دى
|
Dā watan Afγānistān dai, dā izat də har Afγān dai Kor də sule, kor də ture, har bačai ye qahramān dai
|
Dette landet er Afghanistan, det er byrgskapen til kvar afghanar Landet av fred, landet av sverd kvar av sønene det har er modige
|
Andre vers
|
دا وطن د ټولو كور دى د بلوچو، د ازبكو د پــښــتون او هزارهوو د تركمنو، د تاجكو
|
Dā watan də ttolo kor dai, də Baločo, də Uzbəko də Pax̌tun}aw Hazārawo, də Turkməno, də Tāǰəko
|
Dette er landet til kvar ein stamme til balotsjar, til usbekar til pasjunar og hazaraer til turkmenar, til tadjikar
|
Tredje vers
|
ور سره عرب، ګوجر دي پاميريان، نورستانيان براهوي دي، قزلباش دي هم ايماق، هم پشايان
|
Wər sara Arəb, Guǰər di, Pāmiryān, Nuristānyān Brāhuwi di, Qizilbāsh di, ham Aimāq, ham Pašāyān
|
Åt dei er arabarar, gujjarar pamirar, nuristanar brahuifolk, qizilbashar, og aimaqar, og pasjaiar
|
Fjerde vers
|
دا هيواد به تل ځلېږي لكه لمر پر شنه آسمان په سينې كې د آسيا به لكه زړه وي جاويدان
|
Dā hiwād ba təl dzaleγ̌i, ləka lmar pər šnə āsmān Pə sine ke də Āsyā ba, ləka zrrə wi ǰāwidān
|
Dette landet vil alltid stråla som sola pa ein blå himmel I brystet åt Asia, vil det alltid vera hjartet
|
Femte vers
|
نوم د حق مو دى رهبر وايو الله اكبر وايو الله اكبر وايو الله اكبر
|
Num də haq mo dai rahbar, Wāyu Allāhu Akbar, Wāyu Allāhu Akbar, Wāyu Allāhu Akbar
|
Me vil følgja den eine guden Me seier alle «Gud er stor» Me seier alle «Gud er stor» Me seier alle «Gud er stor».
|
Tidlegare song
Den tidlegare nasjonalsongen heitte også 'Nasjonalsongen'. Teksten til denne songen blei skriven av Suleiman Laeq og melodien komponert av Ustad Salim Sarmast. Han blei innført i 1978 etter avskaffinga av monarkiet, og teke i bruk igjen i 2002 då Taliban-styret i landet fall. Under Taliban var musikk forbode, og ein hadde ingen nasjonalsong.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Offisielle nettstader med opptak av nasjonalsongen: