Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Mogadishu

Mogadishu
hovudstad
Land  Somalia
Region Benadir
Areal 91 km²
Folketal 2 120 000 (2015)
Kart
Mogadishu
2°02′21″N 45°20′31″E / 2.0391666666667°N 45.341944444444°E / 2.0391666666667; 45.341944444444
Wikimedia Commons: Mogadishu
Hamna i Mogadishu.

Mogadishu[a] er hovudstaden i Somalia. Mogadishu ligg like nord for ekvator, og er ein viktig hamneby ved Indiahavet. Byen har rundt 2,1 millionar innbyggjarar, og er den største i landet

Mogadishu har ei internasjonal lufthamn. Tidlegare var byen særleg kjend for tilverking av bomullstøy til sal i innlandet.[1] I dag har byen ein del næringsmiddelindustri.[2]

Historie

arabiske handelsmenn kom til Afrikas horn på 900-talet grunnla dei Mogadishu, som blei eit knutepunkt for økonomi og utreiing av islam. Mogadishu voks til den nordlegaste av dei austafrikanske bystatane, og var ein viktig hamneby gjennom fleire hundreår.

Som Mogadiscio var byen kolonihovudstad i Italiensk Somaliland frå 1880-åra, og han blei hovudstad i det nye Somalia i 1960. Universitetet i Mogadishu blei oppretta i 1954. I 1977 fann det stad ei flykapring i Mogadishu der vesttyske terroristar kapra eit fly med 86 gislar som blei frigjorde av vesttyske elitesoldatar.[2]

I 1990-åra blei byen hardt råka av borgarkrigen i Somalia, til dømes blei alle offentlege bygningar plyndra. Mogadishu blei i praksis delt mellom fleire «klanar» og fekk store forsyningsproblem, både av mat, vatn og elektrisitet. Samstundes førte tilstrøyming frå landsbygda til ein kraftig folkevekst.[2]

I regi av SN gjekk ein internasjonal styrke inn i Somalia i 1992, mellom anna for å verna hjelpesendingane dit. Styrkane trekte seg ut i 1995 etter fleire drap. I 2006 tok Den islamistiske rettsunionen makta i byen. Dei blei drivne ut etter nokre månader, og den føderale overgangsregjeringa tok over med støtte frå Den afrikanske unionen og styrkar frå Etiopia. I løpet av dei neste åra tok den islamistiske grupperinga al-Shabaab kontroll over sørlege delar av landet og truga Mogadishu, men blei drivne ut av byen i 2011.[3] Etter dette blei byen preg av gjenoppbygging,[4] og mange somaliarar som hadde budd fleire år i utlandet flytta tilbake til Mogadishu.[5]

Folk frå Mogadishu

Merknader

  1. somali Muqdisho, arabisk مقديشو‎, italiensk Mogadiscio

Kjelder

  1. Mogadischo i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1913)
  2. 2,0 2,1 2,2 Mogadishu (28.02.2013) i Store norske leksikon.
  3. Q&A: Who are Somalia's al-Shabab? (5 October 2012), bbc.co.uk
  4. In pictures: Rebuilding Mogadishu (8 August 2012), bbc.co.uk
  5. Andrew Harding, Can expatriate Somalis rebuild their country? (14 August 2012), bbc.co.uk;Somali women seek a brighter future in Mogadishu (28 January 2013), bbc.co.uk

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Mogadishu
Spire Denne geografiartikkelen som har med Somalia og Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Kembali kehalaman sebelumnya