Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Monster av Steppenwolf

Monster
Studioalbum av Steppenwolf
Språk engelsk
Utgjeve November 1969
Innspelt 1969
Studio American Recording Co. Studio, Studio City, California
Sjanger
Lengd 32:53
Selskap ABC Dunhill
Produsent Gabriel Mekler
Steppenwolf-kronologi 
Early Steppenwolf
(1969)
Monster Steppenwolf Live
(1970)


Singlar frå Monster
  1. «Move Over»
    Utgjeve: August 1969 [1]
  2. «Monster»
    Utgjeve: Desember 1969 [2]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[3]
Rolling Stone(negativ) [4]
The Village VoiceB+[5]

Monster er det fjerde studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf. Albumet kom ut i november 1969 på ABC Dunhill Records. Det var det første albumet deira med den nye gitaristen Larry Byrom i staden for Michael Monarch. Albumet var det mest politiske albumet til Steppenwolf, med referansar til viktige tema på den tida, som Vietnamkrigen.

Albumet var det første Steppenwolf-albumet som ikkje hadde ein amerikansk topp ti-hit, sjølv om to singlar frå albumet kom inn på topp 40: «Move Over» og «Monster».[6]

Mottaking

Kritikken av Monster har generelt vore negativ. Rolling Stone kommenterte at spelinga til dei enkelte utøvarane er «av øvste hylle», men at «arrangementa deira har vorte slurvete og rått, og dei tidlege Zappa-tekstane kolliderer kontinuerleg med musikken.»[4]

AllMusic kritiserte albumet i den retrospektive meldinga si og noterte at «desse klumpete hardrocklåtane ikkje var eit effektivt middel til å ta opp viktige politiske tema, verken politisk eller musikalsk.»[3]

På den andre sida hylla Village Voice-kritikaren Robert Christgau albumet. Christgau gav albumet terningkast B+ og kalla det «eit utmerkt comeback», sjølv om han meinte at dei forkynnande tekstane skjemde sluttresultatet noko.[5]

Record World kalla tittelsporet ein «rocka smash» der «gruppa aldri har høyrdest betre ut».[7] Record World sa om singelen «Move Over» at «Steppenwolf er attende på det beste sporet.»[8]

Innhald

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Monster/Suicide/America»John Kay, Jerry Edmonton / Kay, Nick St. Nicholas, Larry Byrom, Edmonton / Kay, Edmonton9:15
2.«Draft Resister»Kay, Goldy McJohn, Byrom3:20
3.«Power Play»Kay5:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Move Over»Kay, Gabriel Mekler2:53
5.«Fag»Byrom, Edmonton, St. Nicholas3:13
6.«What Would You Do (If I Did That to You)»Leno Francen, Nolan Porter3:19
7.«From Here to There Eventually»Kay, McJohn, Edmonton5:27

Medverkande

Steppenwolf

Technical

Salslister

Album

Salslister for Monster
Liste (1970) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[9] 27
Norske album (VG-lista)[10] 9
Britiske album (OCC)[11] 43
US Billboard 200[12] 17

Singlar

Salslister for singlar frå Monster
År Singel Liste Plassering
1969 «Move Over» US Billboard Hot 100 31[6]
1969 «Monster» US Billboard Hot 100 39[6]

Kjelder

  1. «Steppenwolf-singlar». 
  2. «Steppenwolf-singlar». 
  3. 3,0 3,1 Monster av SteppenwolfAllmusic
  4. 4,0 4,1 Rezos, Ray (7. februar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (51): 38. Henta 21. mai 2017.  Archived at [1].
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (15. januar 1970). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 17. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Steppenwolf USA chart history, Billboard.com. Henta 18. januar 2013
  7. «Single Picks of the Week» (PDF). Record World: 1. 20. desember 1969. Henta 4. mai 2023. 
  8. «Single Picks of the Week» (PDF). Record World: 1. 9. august 1969. Henta 4. mai 2023. 
  9. "Offiziellecharts.de – Steppenwolf – Monster" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  10. "Steppenwolf – Monster". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  11. "19700412 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  12. «Billboard 200 - Steppenwolf». Henta 3. september 2017. 
Kembali kehalaman sebelumnya