Morten Dæhlen (fødd 28. juli 1959) er ein norsk professor i informatikk og dekan ved det matematisk-naturvitskapleg fakultet ved Universitetet i Oslo.
Dæhlen tok cand.scient.-graden ved Universitetet i Oslo innanfor fagfeltet numerisk analyse i 1985. I 1989 tok han òg dr.scient.-graden i dette, òg denne ved UiO.
Dæhlen jobba som forskar ved SINTEF fram til 1998, då han gjekk over til ei stilling som professor ved Institutt for informatikk. Han har òg vore med på oppbygningen av Simula Research Laboratory.
Han har òg sete to periodar (2005-2012) som instituttleiar ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo.[1]
Bibliografi (utval)
- M. Dæhlen, K.Mørken og L.L. Schumaker: Mathematical Methods for Curves and Surfaces VI, Nashboro Press, Nashville, 2005
- M. Dæhlen, T. Lyche og L.L. Schumaker: Mathematical Methods for Curves and Surfaces II, Vanderbilt Press, Nashville, 1998
- M. Dæhlen og A. Tveito: Numerical Methods and Software Tools in Industrial Mathematics, Birkhauser 1997
- M. Dæhlen, T. Lyche og L.L. Schumaker: Mathematical Methods for Curves and Surfaces, Vanderbilt Press, Nashville, 1995
Referansar
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 16. juli 2017, henta 25. juni 2017
Bakgrunnsstoff