Muhammad al-Mahdī (eller Muhammad ibn Hasan ibn Ali eller Qasim Muhammed eller den skjulte imamen er i fylgje Tolverretninga i Shia den tovlte imamen og Mahdi (messias). Han vert innanfor denne religiøse retninga rekna som den store frelsaren. Dei truande meiner at Muhammad var fødd i 868 og har vore skjult av Gud sidan 873 for seinare å stå opp att for å fullbyrde misjonen sin. Når han står opp att skal det oppstå ein fullkommen islamsk stat med fred og velstand til endetid. Før Mahdi står opp att vil det vere ei stor krise i verda der alle leiande doktriner og ideologiar vil falle saman og store leiarar i verda vi forsøke å løyse problema, men dei vil feile. Dei truande trur då at det vil verte klart at det er ingen som kan skape rettferd i verda utanom Gud sitt sendebod, Mahdi.
Framkalling av Mahdi
Nokre mindre grupper innan Tolverretninga meiner at det er mogeleg ved dei rette handlingane, å framprovosere gjenoppståinga av Mahdi. Enkelte påstår at den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad trur på dette og at dette kan forklare taler i SN, truslane mot Israel og det kjernefysiske programmet i Iran. Teorien er at han ynskjer å starta ein verdsomspennande atomkrig for å bane veg for Mahdi og den store verdsrettferda.
Magasinet New Yorker har hevda at dei amerikanske styresmaktene trur på dette og difor planlegg å angripe Iran med atomvåpen for å stoppe Ahmadinejad.
Bakgrunnsstoff