Multippel sklerose kjem i ulike variantar. Dei aller fleste (85%) som er råka av MS har den attakkvise varianten (RRMS), som har periodar med betring og forverring. Kring halvparten av desse vil utvikla sekundær progressiv MS (SPMS) innan eit par tiår. Kring 10-15% av pasientane har primær progressiv MS, som er varianten med den verste[4]prognosen og med snøgg sjukdomsutvikling.[5] Både primær[6] og sekundær[5] progressiv MS har ei stødig sjukdomsutvikling med gradvis aukande nevrologisk invaliditet. Båe variantane utviklar seg omkring like snøgt.[7]
Klinisk isolert syndrom (CIS) er dei fyrste kliniske teikna på ein sjukdom med demyeliniserande betennelse som kan vera multippel sklerose, men der tidsaspektet til ein MS-diagnose ikkje er møtt. Ulike grupper av undersøkte pasientar med CIS viser ulikt sannsyn for å seinare få diagnosen multippel sklerose.[7][8]