Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Music Corporation of America

The Music Corporation of America, vanlegvis berre kjent som MCA, var eit USA-basert musikkføretak. MCA publiserer musikk, bøker og driv eit plateselskap.

MCA vart grunnlagt som eit «musikkbooking»-agentur basert i Chicago i 1924 av Jules Stein. Firmaet var pionerar med å praktisere band på turne. Tidleg framståande MCA-booka artistar inkluderte King Olvier og Jelly Roll Morton.

Lew Wasserman vart raskt forfremma og sett til å styre MCA i nesten 40 år. Under leiinga hans ekspanderte firmaet til fjernsyn (grunnla EMKA, Ltd., som eig Paramounts filmbibliotek før 1948 og Revue Studios, toppleverandøren av fjernsyn for alle kringkastingsnettverk i 30 år). Wasserman ekspanderte òg MCA med å kjøpe Universal Studios i 1962, snudde det rundt og gjorde det om til filmstudio. Andre leiarar i firmaet er Sidney Sheinberg, som var styreleiar for MCA, og Ned Tanen, tidlegare sjef for Universal Pictures.

MCA gjekk inn i platebransjen i 1962 med oppkjøpet av det USA-baserte Decca Records, som inkluderte Coral Records og Brunswick Records. Desse etikettane vart lagt under MCA Records tidleg på 1970-talet. Firmaet gjekk inn i forlagsbransjen i 1975 med oppkjøpet av G. P. Putnam's Sons. I 1979 kjøpte det opp ABC Dunhill Records med dotterselskapa ABC Records, Paramount Records, Impulsive Records, Dot Records og Dunhill Records. Chess Records vart kjøpt i 1985 medan Motown Records vart kjøpt i 1988 og selt igjen til Polygram i 1993.

GRP Records og Geffen Records vart kjøpt opp i 1990, det same året som MCA Corporations holdingselskap vart kjøpt opp av Matsushita-gruppa.

Seagram Company Ltd. kjøpte i 1995 80% av aksjane i MCA INC. og same år droppa dei nye eigarane MCA-namnet og firmaet endra struktur til Universal Studios og musikkdivisjonen deira, MCA Music Enternainment Group vart døypt om til Universal Music Group. I 1996 selde Seagram G. P. Putnam's Sons til Pinguin Group. I 1998 kjøpte Seagram PolyGram frå Phillips og fusjonerte det med Universal Music Group. Når Seagram Company Ltd. så vart kjøpt opp av det franske selskapet Pernod Ricard, vart Universals holding selt til Vivendi Universal.

Våren 2003 vart MCA Records lagt under Geffen Records. Deira country-etikett MCA Nashville Records er enno i drift.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya