Bokstaven N (n) er den 14. bokstaven i det latinske alfabetet og den 13. bokstaven i det greske alfabetet (N ν). Bokstaven stammar frå fønikisk. Det semittiske namnet var nun, som vart omdanna av grekarane til ny. I den opphavlege biletskrifta var teiknet ein fisk. Romarane kalla bokstaven en. I det eldre runealfabetet han det 10. teiknet, medan han er det 8. teiknet i den y ngre rekka. Bokstaven syner til ein nasal lyd (naselyd).
N kan vise til
- i matematikken symbol for mengda av dei naturlege tala, det vil sei 1, 2, 3,...
- symbol for talet på partiklar i eit system.
- nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Noreg
n kan vise til
- symbol for SI-prefikset nano, som skreiv føre eit einingssymbol tyder at eininga skal multipliserast med 10-9, dvs. ein milliarddel.
- symbol for partikkeltettleik.
- i grammatikken forkorting for nøytrum (inkjekjønn).
Kjelder
«N – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.