Namn er ord me bruker for å skilja ulike individ, stader, grupper eller ting frå andre. Dei kan vera alt frå enkle, skildrande ord til nemningar med djup symbolsk tyding.
Namn er substantiv. Me skil ofte mellom særnamn, som har éin referanse (til dømes ein enkelt person) og samnamn, som har fleire (til dømes ein viss type ting). På norsk skriv me som regel særnamn med stor bokstav og samnamn med liten.
Namnebruk
Ein bruker namn til å identifisera og gruppera — til å forklara og forstå verda. Dei aller fleste menneske har minst eitt namn, som kan vera med på å fortelja kven dei er til dei sjølv og andre. Å ta frå nokon namnet, og i staden kalla dei «det» eller med eit nummer, blir sett på som svært nedverdigande, nærmast umenneskeleg.
Det å gje og bruka namn kan seiast å vera ein grunnleggjande del av det å vera menneske. Me finn døme på namn i dei eldste tekstane og mytologiane me kjenner til, og kan rekna med at dei fanst i god tid før det. Ei kjend soge i jødisk og kristen tradisjon er korleis den første mannen gjev namn til alle dyra[1]
Det er usikkert om dyr bruker namn seg imellom, men studie av delfinarten tumlar har funne at kvar av dei lager ein eigen plystresignatur som dei og andre delfinar bruker til å identifisera dei med. Denne kan tolkast som eit namn.[2] Menneske gjev i alle høve namn til dyr dei har eit nært tilhøve til, og mange dyr lærer å lyda namna sine.
Namngjeving
Mykje namngjeving skjer utan at ein tenker over det, som når ein kallar ei høgd i nærleiken «Åsen» eller bilen sin «Godbilen». Namn ein legg særskild vekt på blir derimot tenkt nøye igjennom og vurderte ut frå tyding og korleis dei høyrest ut, og blir gjevne i samband med ritual og feiringar. Dei fleste kulturar har ei form for namngjevingsseremoni for medlemmer av kulturen, som dåp i kristne samfunn. Også namngjeving av ting kan markerast, som skipsdåp.
Overføring
Det er vanleg at eit namn blir brukt oppatt, til dømes gjennom oppkalling. Ein kan òg overføra eit namn som har vore brukt til eit føremål til eit anna bruksområde. Til dømes kan ein ta namnet på ei dyregruppe som bjørn og bruka det som personnamn, Bjørn. Vidare kan dette namnet bli brukt om ein stad, som Bjørnstad, og dette kan så lett bli til eit slektsnamn.
Namnesymbolikk
Tyding
Nesten alle namn har ei tyding, avleidd frå vanlege ord, men ofte må ein gå tilbake i tid og språk for å finna henne. Svært gamle namn kan koma frå språk ein ikkje lenger kjenner, og vil dermed ha ei ukjent tyding. Eit døme på slike namn er Sola og Soma på Jæren. Til tider kan manglande forståing føra til eit dobbelt namn, som i nemninga River Avon — begge orda tyder elv på respektivt engelsk og walisisk.
Personlege namn fortel gjerne noko om kva kultur ein kjem frå, og kan òg seia noko om kven ein er innanfor kulturen. Til dømes kjem truleg ei som heiter Kristin frå eit kristent samfunn, medan ein som heiter Muhammed truleg har muslimsk bakgrunn. Visse afrikanske kulturar gjev ungar namn etter kva vekedag dei er fødde på, medan kinesiske generasjonsnamn kan fortelja kva generasjon ein høyrer til.
Reglar og normer
Namnebruk og namngjeving er bunde av formelle og uformelle lovverk, som den norske Namneloven eller Lov om stadnamn, eller ulike skikkar om kva ein kan og ikkje kan kalla ungen sin om han er fødd til ei viss tid eller høyrer til ein viss samfunnsklasse.
Å bruka eit namn symboliserer kjennskap til det ein snakkar om eller til. Å ikkje bruka namn kan derimot visa avstand, nokre gonger høfleg respekt for nokon ein ikkje kjenner. Å bruka namn for mykje i samanhenger der dette ikkje er vanleg, blir sett på som rart og uhøfleg.[3]
Det finst mange reglar for kva namn eller namneform ein bør bruka i ulike høve, til dømes om ein skal bruka kallenamnet, førenamnet, slektsnamnet eller ein tittel for ein person i ein viss situasjon. Mange samfunn har namnetabu som gjev reglar for kva tid ein ikkje bør bruka eit namn.
Ulike namnetypar
Personar
Det me kanskje først tenker på som namn er personnamn. Dette er namn som identifiserer ein viss person, både for han sjølv og andre. Til slike namn er det knytt sterke kjensler, og ofte tru på at det påverkar personen som ber det. Ein person kan vidare ha eitt eller fleire slektsnamn, som fortel kva familie eller klan han høyrer til, eller mindre høgtidelege namn, som tilnamn eller kjælenamn. Namnet kan brukast i namnetrekk, som stadfester at den det viser til har godkjent eit dokument.
Stader
Stadnamn skal skilja ein særskild stad frå ein annan. Dei kan dekka alt frå eit enkelt rom i eit hus, til ein galakse, til stader som ikkje finst i vår verd. Stadnamn er gjerne meir enkle og praktiske og mindre symbolske enn personnamn, men også slike namn kan setta kjensler i sving, særleg i samband med kulturkonfliktar.
Grupper
Inndeling og namngjeving av grupper blir brukt til å setja verda i system. Dei kan visa til alt frå eit slag plantar til samlingar av menneske. Medan desse namna kan brukast til å skilja grupper frå kvarandre, viser dei òg til likskapen mellom dei som høyrer til gruppa.