Olaf Bertram Løhre (31. desember 1877–5. mai 1957) var ein norsk jarnbanearbeidar og politikar frå Strinda i Sør-Trøndelag, stortingsmann for Det norske Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti.
Far til Løhre var lærar og gardbrukar i Bleiklia i Strinda. Sjølv arbeidde Løhre på farsgarden til 1897. Sidan var han nokre år på anleggsarbeid. Frå 1901 til 1920 var han tilsett i Statsbanene som sporskiftar og underkonduktør. I 1920 vart han overkonduktør, men vart oppsagt same året, etter han under ein jarnbanestreik fylgde fagforeininga sitt pålegg om å nekte overtid, såleis forlet han toget på Tynset stasjon utan å skifte det vekk frå hovudsporet på stasjonen. Seinare fekk han jobb att i Statsbanene og var ekstrastasjonsbetjent 1924–28 og overkonduktør 1928–40.
Løhre hadde ei rekke tillitsverv i politiske og faglege organisasjonar i Trondheim. Han var også styremedlem i Statsbanenes Konduktørforbund og i Norsk Jernbaneforbund.
Hausten 1921 vart Løhre vald inn på Stortinget frå valkrinsen Trondhjem og Levanger, på Tinget med sete i Lønskomiteen og som nestformann i komiteen 1922-sesjonen. Då Arbeidarpartiet vart splitta hausten 1923 valde han, som eit fleirtal av trønderane, å vere med på danninga av Norges Kommunistiske Parti. Han lukkast ikkje verte attvald til Stortinget i 1924, derimot vart han på ny stortingsmann for NKP i perioden 1928-30, også då med sete i Lønskomiteen. Løhre var elles medlem i Trondheim bystyre 1922–28 og frå 1937 til bystyret vart oppløyst av okkupasjonsstyret i 1941. Under den andre verdskrigen tok Løhre del i kommunistane sin flyktningtransport på Meråkerbanen.
Stortingsmann Ole Ingebrigtsen Soelberg var oldefar til Løhre.
Kjelder