«Old Siam, Sir» er ein hardrocksong av Wings frå 1979 på albumet Back to the Egg. Han vart gjeven ut på singel i Storbritannia og nådde 35. plassen der.[1] B-sida var ein annan song frå albumet, «Spin it On». «Old Siam, Sir» var òg B-sida til den amerikanske singelen «Arrow Through Me».
Innspeling
Wings-trommeslagaren Steve Holley, som spelte klaverinstrument då dei var i studio, fann ein akkordsekvens som til slutt vart nytta på denne songen.[2]Paul McCartney og gitaristen Denny Laine spelte seinare inn ein instrumental demo av songen kalla «Super Big Heatwave».