Oscar Wilde (16. oktober1854–30. november1900) var ein irsk forfattar som verka i London og Paris mot slutten av viktoriatida. Han skreiv forteljingar, skodespel og essay, og éin roman, Bildet av Dorian Gray. Wilde var kjent for sitt vidd og sine skarpe kommentarar, men karrieren og helsa hans blei øydelagde då han blei dømt til fengsel for «gross indecency» (uanstendig oppførsel) på grunn av sine homoseksuelle handlingar.
Liv
Oscar Fingal O’Flahertie Wills Wilde var fødd i Dublin, i ein anglo-irskprotestantisk familie. Foreldra var Jane Francesca Wilde, fødd Elgee, ein framgangsrik forfattar og irsk nasjonalist, og Sir William Wilde, ein leiande øyre- og augekirurg som skreiv bøker om arkeologi og folklore.
Wilde studerte klassisk litteratur ved universitetet i Dublin til 1874, og vann Berkeleys gullmedalje for sin innsats. Han fekk eit stipend til universitetet i Oxford, der han studerte vidare til 1878.
Han møtte Constance Lloyd, dotter av den velståande Horace Lloyd, i London, og gifta seg med henne 29. mai 1884. Paret fekk to søner, Cyril (1885) og Vyvyan (1886). Då Wilde-namnet blei knytt til homofili-skandalen tok Constance etternamnet Holland for seg og sønene. Cyril blei drepen i første verdskrigen, men Vyvyan Holland overlevde og blei forfattar og omsetjar. Sonen hans, Merlin, har redigert og gjeve ut fleire verk om bestefaren.
I 1895 vart Wilde dømt til to års tukthus for homoseksualitet, og vart utfrosen av den engelske sosieteten. Straks etter soninga drog han til Frankrike, og vende aldri tilbake til England. I Paris skreiv han Balladen om Reading fengsel, som skildrar tida i fengsel.