Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Paul Kagame

Paul Kagame

Fødd23. oktober 1957 (67 år)
Ruhango
Statsborgar avRwanda
Yrkepolitikar, offiser
Utdanna vedU.S. Army Command and General Staff College
Makerereuniversitetet
EktefelleJeannette Kagame
BarnAnge Kagame, Ian Kagame, Brian Kagame, Ivan
Alle verv
  • Rwandas president (2000–) Sjå dette på Wikidata

Paul Kagame (fødd 23. oktober 1957) er president i Rwanda sidan 2000. Han var tidlegare general og politikar i landet. Under borgarkrigen i 1994 var Kagame med og inntok hovudstaden Kigali, og fekk på den måten avslutta folkemordet.[1]

Kagame er fødd av tutsi-foreldre i Gitarama i det sentrale Rwanda. Kagame var leiar for tutsi-militsen Front Patriotique Rwandais (FPR) som under borgarkrigen og folkemordet tok seg inn i hovudstaden Kigali i 1994. Etter at Kagame tok over som president i 2000 har Rwanda opplevd politisk stabilitet og sterkt økonomisk vekst, men Kagame har au vorte klandra for grove brot på menneskerettane frå uavhengige observatørar og menneskerettsorganisasjonar.[2][3]

Liv og virke

Bakgrunn

Kagame voks opp i eksil i Uganda, etter at familien måtte flykta frå Rwanda på grunn av hutuopprøret i 1959. Tidleg på 1980-talet byrja Kagame sin militære karriere i Yoweri Museveni sin opprørshær National Resistance Army (NRM), og tok del i det som vart kalla «Ugandas bush-krig» frå 1981 til 1985. I 1986 vart Kagame sjef for etterretningstenesta i NRM, og vart sett på som ein av nærmaste allierte til Museveni.[2]

Saman med andre eksiltutsiar danna Kagame Front Patriotique Rwandais (FRP) i 1987. Organisasjonen hadde som mål å taka over makta i Rwanda med militære middel, og medan Kagame i 1990 tok del i militærtrening i Fort Leavenworth i Kansas, invaderte RPF-soldatar Rwanda for å styrta hutu-president Juvénal Habyarimana. Dåverande leiar for RPF, Fred Gisa Rwigyema, vart drepen under det som var byrjinga på borgarkrigen i Rwanda, og Kagame tok dinest over som leiar for RPF. Invasjonen auka dei etniske spenningane i Rwanda, og den 6. april 1994 vart flyet til president Habyarimana skote ned av to rakettar då det skulle gå inn for landing i Kigali. Det er omdiskutert kven som sto bak nedskytinga, men den politiske leiinga i Rwanda hevda at det var RPF og Kagame som sto bak åtaket.[2]

Folkemordet

Folkemordet hadde vore planlagt av medlemer i den hutudominerte regjeringshæren og ekstremistiske hutu-militsar i fleire år, og ein meiner at mellom 800 000 og éin million tutsiar og politisk moderate hutuar vart drepne under borgarkrigen.[2]

Den 7. april, dagen etter at folkemordet byrja, gjennomførte RPF og Kagame åtak frå tre frontar nord i Rwanda. Etter at tryggingsrådet i SN stemte for å trekkja ut 90 prosent av styrkane den 21. april, sto Kagame nærmast åleine igjen med ein styrke på mellom 10 000 og 14 000 soldatar som kjempa mot regjeringshæren. Ved blant anna å nytta langtrekkande artilleri mot stillingane til regjeringsstyrkane, lykkast Kagame å minimalisera tapa og gjenerobra hovudstaden Kigali den 4. juli. Litt tid etter, den 17. juli erklærte RPF at krigen var over, og oppretta ei mellombels regjering i Kigali.[2]

Etter folkemordet vart det inngått ei semje som gjorde Kagame til visepresident og forsvarsminister, medan hutuen Pasteur Bizimungu vart president. Kagame hausta lovord for sin krigsinnsats og for å ha stansa folkemordet, men vart au klandra for å ha åtaka uvæpna sivile og hemna hutuar til daude. Som leiar for hæren vart Kagame av heldt ansvarleg for Rwanda si innblanding i Kongo-krigane i 1996–2003, der ein meiner 200 000 hutuar vart drepne.[2]

President

Etter klander frå Kagame om blant anna korrupsjon, gjekk Bizimungu av som president i 2000. I april same år vart Kagame teke i eid som den fyrste tutsi-presidenten i landet. Den 25. august i 2003 vann han det fyrste nasjonale valet sidan folkemordet i 1994 med meir enn 90 prosent av røystene. Kagame vart attvalt som president i 2010 og 2017, og fekk au ved desse vala meir enn 90 prosent. I 2015 vart grunnloven endra etter føreslag frå nasjonalforsamlinga, såleis at Kagame kunne sitja som president til 2034.[2]

Etter ein årleg økonomisk vekst på rundt sju prosent vart Kagame snøgt ein favoritt hjå vestlege politikarar og bistandsorganisasjonar. I tillegg iverksette han ei rekkje reformer i det som var eit av dei fattigaste landa i verda før folkemordet. Blant anna har han innført ei enkel sjuketrygd, kjempa for rettane til kvinner, arbeidet for nasjonal forsoning mellom hutuar og tutsiar og prioritert satsing på informasjonsteknologi og utdanning.[2]

Kagame har likevel au vorte sterkt klandra frå organisasjonar som Amnesty International og Human Right Watch for brot på menneskerettane igjennom diktatorisk styring. Uavhengige observatørar har blant anna rapportert om drap på politiske motstandarar, vald mot journalistar og valfusk.[2]

Kjelder

  1. «Paul Kagame» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 25. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Pedersen, Fredrik Lyngås: Paul Kagame i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. februar 2024.
  3. Nimi Princewill. «Paul Kagame is seen by some as a liberator. But critics say Rwanda is only safe for those who toe the line» (på engelsk). CNN. Henta 25. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Paul Kagame

Read other articles:

У Вікіпедії є статті про інших людей із прізвищем Коссович.Коссович Петро СамсоновичНародився 16 (28) вересня 1862Горки, Могильовська губернія, Російська імперіяПомер 13 (26) серпня 1915 (52 роки)Q4417957?, Q4196770?, Починківський район або Петроград, Російська імперіяКраїна  Російс

 

Orthodox bishop Longin (Talypin), holding his paterissa (crozier), presiding over a celebration of the Liturgy of St. James in Düsseldorf, Germany. A West Syriac Rite liturgy of the Jacobite Syrian Christian Church holding paterissa (crozier) The Liturgy of Saint James is a form of Christian liturgy used by some Eastern Christians of the Byzantine rite and West Syriac Rite. It is developed from an ancient Egyptian form of the Basilean anaphoric family, and is influenced by the traditions of ...

 

У Вікіпедії є статті про інші значення цього терміна: Ом (значення). Ом Ом у Мошнино Річка Ом на мапі басейну річки Іртиш 56°12′05″ пн. ш. 81°23′15″ сх. д. / 56.201405000027776282° пн. ш. 81.38777200002778045° сх. д. / 56.201405000027776282; 81.38777200002778045Витік Васюганська рівнина

Координати: 34°20′30″ пн. ш. 132°54′25″ сх. д. / 34.34167° пн. ш. 132.90694° сх. д. / 34.34167; 132.90694 Такехара Країна Японія Острів Хонсю Регіон Тюґоку Префектура  Хіросіма ISO 3166-2 34203-3 Площа 118,30 км² (1 жовтня 2007[1]) Населення 28 292 осіб (1 червня 2011[2]) Густ

 

Rhode Island's congressional districts from 2023 Rhode Island is divided into two congressional districts, each of them represented by a member of the United States House of Representatives. No Republican has won a House seat in the state since 1990. It is the least populous state in the nation to have more than one congressional district. Current districts and representatives The districts are represented in the 118th United States Congress by two Democrats. Current U.S. representatives from...

 

The conservatory's new building, constructed in 2009 Conservatori Superior de Música del Liceu (Catalan pronunciation: [kunsəɾβəˈtɔɾi supəɾiˈo ðə ˈmuzikə ðəl liˈsɛw]) is a music college in Barcelona, Catalonia, Spain. It was created in 1837 with the name Liceo Filo-dramático de Montesión. In 1847 the institution inaugurated the opera house Gran Teatre del Liceu. In 1854, the Liceo Filarmónico and the Gran Teatre del Liceu separated administratively. Nevertheless,...

William Randal Cremer William Randal Cremer (* 18. März 1828 in Fareham; † 22. Juli 1908 in London) war ein britischer Politiker. Gemeinsam mit Frédéric Passy gründete er 1889 die „Interparlamentarische Union für internationale Schiedsgerichtsbarkeit“ und erhielt dafür den Friedensnobelpreis 1903. Inhaltsverzeichnis 1 Leben 1.1 Frühe Jahre 1.2 Arbeit als Gewerkschafter und Arbeitervertreter 1.3 Politische Arbeit für die internationale Schiedsgerichtsbarkeit 2 Literatur 3 Weblink...

 

American television sitcom (1993–1999) For the 1965 film, see The Nanny (1965 film). For other uses, see Nanny (disambiguation). This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: The Nanny – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (July 2011) (Learn how and when to remove this template message) The Nanny...

 

モ6412 ク6521 近鉄6411系電車(きんてつ6411けいでんしゃ)とは、近畿日本鉄道が保有した通勤形電車の一系列。かつては6801系と称していた。 概要 南大阪線の電車新造は、旧・大阪鉄道時代の1928年から1930年にデニ500形(近鉄合併後6601系となる)とその派生型が60両も大量増備されてから後、20年近くに渡って途絶えていたが、戦中戦後の酷使に伴う車両需給の逼迫は南大�...

This article is an orphan, as no other articles link to it. Please introduce links to this page from related articles; try the Find link tool for suggestions. (December 2016) Compañía General de Tabacos de Filipinas v. Collector of Internal RevenueCourtUS Supreme CourtDecided21 November 1927Citation(s)275 US 87 (1927)KeywordsPreemption Compañía General de Tabacos de Filipinas v. Collector of Internal Revenue, 275 US 87 (1927) is a US tax law case during the Lochner era of the US Supreme C...

 

Bridge in India Kanaka BridgeKanaka Bridge Under-construction, SikkimCoordinates27°32′21″N 88°29′03″E / 27.539123°N 88.484037°E / 27.539123; 88.484037Carries2 Lanes pedestrians and vehiclesCrossesKanaka RiverLocaleManagan (North Sikkim) district of SikkimCharacteristicsDesignArch BridgeMaterialSteel and ConcreteTotal length255 m (837 ft)Height160 m (520 ft)Longest span217 m (712 ft)Location The Kanaka Bridge, is an under constr...

 

Aziza Brahimعزيزة ابراهيمAziza Brahim during the presentation of the movie Wilaya, at the 10th Human rights film festival in San Sebastián, Spain, April 26, 2012.Background informationBornAziza Brahim Maichan (1976-06-09) June 9, 1976 (age 47)Sahrawi refugee camps, Tindouf, AlgeriaGenresFolk music, roots musicOccupation(s)Actress, musician, producer, songwriterInstrument(s)Vocalist, percussionistYears active1995–currentLabelsReaktion, GlitterbeatWebsiteazizabrahim.comMusic...

Restaurant in Missouri, United StatesBlueberry HillRestaurant informationEstablishedSeptember 8, 1972Street address6504 Delmar Blvd.CityUniversity CityStateMissouriPostal/ZIP Code63130CountryUnited StatesWebsitewww.blueberryhill.com Blueberry Hill in St. Louis See also: St. Louis cuisine Blueberry Hill is a restaurant and music club located in the Delmar Loop neighborhood in University City, a suburb of St. Louis, Missouri. Until October 2014, Chuck Berry performed there the third Wednesday o...

 

Ancient genetic lineage of modern humans Not to be confused with Ancient Northern East Asian (ANEA).The Ancient Northeast Asians (ANA,   yellow area) are defined as a cluster of Neolithic populations from the Altai Mountains to the Pacific coast. They were bordered by Western Eurasian populations to the west, which combined BMAC, Afanasievo and Ancient North Eurasian (ANE) ancestry.[1] In archaeogenetics, the term Ancient Northeast Asian (ANA),[2][3] also known a...

 

Diuturni temporis(português: Prolongado tempo)Carta encíclica do papa Leão XIII Quam religiosa ◄► Quum diuturnum Data 5 de setembro de 1898 Assunto Sobre o Rosário e a Confraria do Rosário Encíclica número 72 de 88 do pontífice Diuturni temporis (Prolongado tempo), é a última encíclica do Papa Leão XIII sobre o Rosário, relembrando como foi recomendado pelos papas ao longo dos séculos e também anunciando a preparação da constituição Ubi primum sobre os privilégios de q...

Sporting event delegationCambodia at the2020 Summer ParalympicsIPC codeCAMNPCNational Centre of Disabled Persons Cambodiain TokyoCompetitors1 in 1 sportsMedals Gold 0 Silver 0 Bronze 0 Total 0 Summer Paralympics appearances (overview)2000200420082012201620202024 Cambodia competed at the 2020 Summer Paralympics in Tokyo, Japan.[1] Disability classifications Main article: Disability sport classification Every participant at the Paralympics has their disability grouped into one of five d...

 

Endorheic lake in MindanaoLake VenadoThe lake as seen from Mount ApoLake VenadoLocation within the PhilippinesLocationMindanaoCoordinates7°00′14″N 125°16′6″E / 7.00389°N 125.26833°E / 7.00389; 125.26833TypeEndorheic lakeMax. depth20 ft (6.10 m)[1]Surface elevation2,194.56 m (7,200.00 ft)[2]References[2] Lake Venado is an endorheic lake located at the foot of Mount Apo in the province of North Cotabato, Mindanao, P...

 

Frostbite Официальный логотип Frostbite 3 Тип Игровой движок (Список) Разработчик EA DICE Аппаратная платформа ПК PlayStation 3 PlayStation 4 PlayStation 5 Xbox 360 Xbox One Xbox Series X/S Поддерживаемая ОС Microsoft Windows Написан на языке C++, C# Лицензия проприетарная Последняя версия 3 / ноябрь 2015 года Первая игра на дв�...

هذه المقالة يتيمة إذ تصل إليها مقالات أخرى قليلة جدًا. فضلًا، ساعد بإضافة وصلة إليها في مقالات متعلقة بها. (سبتمبر 2019) سعود الخلاقي معلومات شخصية الاسم الكامل سعود محمد الخلاقي الميلاد 5 أغسطس 1993 (العمر 30 سنة)قطر الطول 1.77 م (5 قدم 9 1⁄2 بوصة) مركز اللعب مهاجم الجنسي�...

 

Este artículo o sección tiene referencias, pero necesita más para complementar su verificabilidad.Este aviso fue puesto el 28 de diciembre de 2019. Sue Lyon Sue Lyon en 1967Información personalNombre de nacimiento Suellyn Lyon Nacimiento 10 de julio de 1946 Davenport (Iowa, Estados Unidos) Fallecimiento 26 de diciembre de 2019 (73 años)Los Ángeles (California, Estados Unidos) Nacionalidad EstadounidenseCaracterísticas físicasAltura 1,6 m FamiliaCónyuge Hampton Fancher (1963...

 
Kembali kehalaman sebelumnya