Hadrian IV (ca. 1100–1. september 1159), fødd Nicholas Breakspear eller Nikolaus Breakspear, var pave frå 1154 til han døydde i 1159.
Hadrian IV er den einaste briten som har vore pave. Truleg vart han fødd i Abbots Langley i Hertfordshire. Han skal ha fått si fyrste utdannning på klosterskulen St Albans (no St Albans School).
Frå 1152 til 1154 var Nicholas i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av det norske erkebispesetet i Nidaros.
Nicholas vart vald til pave den 4. desember 1154. Han tok namnet Hadrian som pave.
Hadrian krona Fredrik Barbarossa til keisar Fredrik I av det tysk-romerske riket i Peterskyrkja i Roma den 18. juni 1155.
|
---|
Første hundreåret til 400-talet | |
---|
500-talet til 900-talet | |
---|
1000-talet til 1400-talet | |
---|
1500-talet til 1900-talet | |
---|
2000-talet til idag | |
---|
|