Utrecht er ein provins i Nederland og ut frå areal den minste i landet. Han ligg midt i landet og grensar til Eemmeer i nord, Gelderland i aust, elva Rhinen i sør, Zuid-Holland i vest og Noord-Holland i nordvest. Byen Utrecht er administrasjonssenter og av andre store byar finn ein Amersfoort og Zeist .
Historie
I mellomalderen vart det meste av området og landet rundt styrt av erkebiskopen av Utrecht . Bispedømet vart grunnlagd i 722 av Willibrord . Det har vore mange krigar mellom Utrecht og grevskapa og hertugdøma rundt, som Holland , Gelderland og Brabant . I 1527 selde biskopen områda til keisar Karl V , som alt eigde dei andre nederlandske provinsane. Habsburgstyret varte ikkje lenge og Utrecht vart med i opprøret mot son til Karl V, Filip II av Spania som ein del av Dei sameinte Nederlanda .
Byane Oudewater , Woerden og Vianen vart overført til provinsen Zuid-Holland , sistnemnde i 2002.
Geografi
Utrecht
Aust i Utrecht ligg Utrechtse Heuvelrug , ei rekkje moreneåsar. Sidan jordsmonnet i provinsen var relativt næringsfattig var området tidlegare dekt av lyngheier. Dei sørlege delane av provinsen er eit elvelandskap, medan dei vestlege områda stort sett er enger.
Kommunar
Overijssel består av følgjande 26 kommunar:
Kjelder
Bakgrunnsstoff