Saman med Kurt Hertha skreiv Siegel «Sing Sang Song» som dei deltok med i Ein Lied für Den Haag, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1976 i Haag i Nederland. Singelen vart framført på tysk av Les Humphries Singers, og enda på andreplass med 96 705 røyster. Bidraget som vann vart seinare diskvalifisert og «Sing Sang Song» vart annonsert og promotert som det vesttyske bidraget i Eurovision Song Contest 1976.[3]
Eurovision Song Contest 1976
Etter at vinnaren i den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1976 vart diskvalifisert fekk «Sing Sang Song» av Les Humphries Singers, og skriven av Siegel, representere Vest-Tyskland. Landet enda på 15. plass med tolv poeng; tre frå Jugoslavia, to frå Sveits, Luxembourg, Spania og Frankrike og eitt frå Belgia.
«Dschinghis Khan» av Dschinghis Khan representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1979 der bidraget enda på fjerdeplass med 86 poeng; tolv frå Danmark, Monaco, Frankrike og Spania, åtte frå Storbritannia, seks frå Israel og Sverige, fem frå Irland, fire frå Belgia, tre frå Finland, to frå Portugal og Nederland og eitt frå Italia og Luxembourg.
Siegel og Meinunger representerte både Tyskland og Luxembourg i Eurovision Song Contest 1980, med høvesvis «Theater» av Katja Ebstein og «Papa Pingouin» av Sophie & Magaly. Det luxembourgske bidraget vart vald internt av RTL Télé Luxembourg. Tyskland enda på andreplass med 128 poeng; tolv frå Italia, Nederland og Spania, ti frå Tyrkia, Marokko, Storbritannia og Frankrike, åtte frå Austerrike og Portugal, sju frå Danmark, Sveits og Belgia, fem frå Sverige og Irland, tre frå Luxembourg og to frå Finland. Luxembourg enda på niandeplass med 56 poeng; åtte frå Storbritannia, Irland og Belgia, sju frå Noreg og Frankrike, seks frå Sverige, fire frå Danmark, tre frå Finland og Spania og eitt frå Austerrike og Tyrkia.
«Johnny Blue» av Lena Valaitis som vann Ein Lied für Dublin representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1981. Landet enda på andreplass med 132 poeng; Tyrkia, Spania, Portugal og Sverige, ti frå Belgia, åtte frå Israel, Danmark, Frankrike og Kypros, sju frå Finland og Storbritannia, seks frå Irland, fem frå Austerrike og Hellas, fire frå Noreg, tre frå Luxembourg og Nederland og to frå Jugoslavia.
«Ein bißchen Frieden» var det vesttyske bidraget i Eurovision Song Contest 1982. Bidraget vann tevlinga med 161 poeng; tolv frå Portugal, Tyrkia, Sveits, Kypros, Spania, Danmark, Jugoslavia, Israel og Irland, ti frå Noreg, Finland og Belgia, åtte frå Storbritannia og Sverige, seks frå Nederland og eitt frå Austerrike. Etter sigeren framførte ho songen om att, då på engelsk, fransk, nederlandsk og tysk. Dette var den fyrste og einaste gongen Vest-Tyskland vann tevlinga, og den fyrste av to gonger Tyskland har vunne. Vest-Tyskland fekk 1,61 gonger så mange poeng som andreplassen Israel, som var rekord under dagens poengsystemet fram til Noreg fekk 1,78 gonger så mange poeng som andreplassen Island i 2009.
Singelen «Children, Kinder, Enfants» vart skriven av Siegel, Meinunger og Jean-Michel Beriat for å representere Luxembourg i Eurovision Song Contest 1985. Songen vart vald internt av RTL Télévision, og vart framført på fransk, engelsk og tysk av Margo, Franck Olivier, Diane Solomon, Ireen Sheer, Malcolm & Chris Roberts. Bidraget enda på 13. plass med 37 poeng; ti frå Portugal, åtte frå Austerrike, fem frå Israel, fire frå Frankrike og Noreg, tre frå Vest-Tyskland, to frå Danmark og eitt frå Italia.
Etter sigeren i Ein Lied für Brüssel fekk Siegel og Meinunger representere Vest-Tyskland med «Laß die Sonne in dein Herz», framført på tysk av Wind, i Eurovision Song Contest 1987. Bidraget enda på andreplass med 141 poeng; tolv frå Island og Danmark, ti frå Austerrike, Belgia, Nederland, Storbritannia og Finland, åtte frå Israel, sju frå Sverige, Irland og Jugoslavia, seks frå Tyrkia, Luxembourg, Frankrike og Kypros, fem frå Portugal, fire frå Italia, tre frå Noreg og eitt frå Spania og Sveits. Vest-Tyskland fekk poeng frå alle landa, bortsett frå Hellas.