Rauland kyrkje
Rauland kunstmuseum
Fiske ved Rauland
Rauland er ein tettstad i Vinje kommune i Telemark fylke . Han ligg ved foten av Hardangervidda , mellom 700 og 1000 meter over havet, 210 km frå Oslo og 316 km frå Bergen . Rauland er ein kjend vintersportsstad , og har ei veksande hyttenæring .
Universitetet i Søraustst-Noreg , Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap , sitt institutt for folkekultur ligg i Rauland, og er den einaste utdanningsinstitusjonen i Noreg som tilbyr 2-årige utdanningar innan folkemusikk og folkekunst , deltidsstudium i tradisjonsmat og mastergradsstudium i tradisjonskunst . Instituttet har om lag 90 studentar og 20 fast tilsette. Instituttet leiger lokale av Raulandsakademiet , ei privat stifting som tilbyr kurs i husflid og handverk i samband med Folkeuniversitetet Rauland , i tillegg til overnatting. Andre leigetakarar er Folkemusikkarkivet i Telemark og Vinje kommune sitt lokalhistoriske arkiv og Spelemannsbladet . I tilknyting til Raulandsakademiet ligg Telemarkstunet, som er samansett av kopiar av lafta trehus, inkludert årestoge og eldhus.
Rehabiliteringsinstitusjonen AiR as er ein institusjon i spesialisthelsetenesta med arbeidsretta rehabilitering som fagområde.Institusjonen har også status som Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med oppgåver innan forsking, fagutvikling, formidling og nettverksbygging.
Bakgrunnsstoff