Reuben Fine
Reuben Fine (11. oktober 1914–26. mars 1993) var ein amerikansk psykolog, stormeister i sjakk og sjakkskribent frå New York City. Han var blant dei beste sjakkspelarane i verda frå midt på 1930-talet til slutten av 1940-talet, då han avslutta si sjakkarriere til fordel for forsking innan psykologi. Reuben Fine sitt beste resultat var i AVRO-turneringa i sjakk i 1938, der dei då 8 beste spelarane i verda deltok. Fine fekk like mange poeng som Paul Keres, men Keres fekk likevel førsteplassen fordi han vann innbyrdes oppgjer mot Fine med 1½ - ½. Reuben Fine fekk tilbod om å vere ein av 6 spelarar som skulle spele om Verdsmeisterskapen i sjakk 1948, men takka nei. VM vart deretter spelt med 5 deltakarar. Verdssjakkforbundet FIDE utnemnde Reuben Fine til Stormeister i sjakk i 1950, som ein av dei 27 første. Minneverdige parti
Kjelder
Bakgrunnsstoff |