AC/DC Flake Acid Road Natural Gas Rudy and the Aardvarks Company of Men
Verka som
Musikar, songar, låtskrivar
Rob Bailey er ein australsk musikar, som var ein tidleg bassist i hardrockbandet AC/DC. Han vart med i gruppa i 1974 saman med Malcolm Young (rytmegitar), Angus Young (sologitar), Dave Evans (solovokal) og Peter Clack (trommer). Bailey forlét bandet i januar 1975
Karriere
Bailey spelte bassgitar i Flake (1973),[1] Acid Road, Rudy and the Aardvarks og Natural Gas.[2][3] Sistnemnde gruppe varma opp for The Rolling Stones på den australske turnéen deira i 1972 og 1973.
Frå april 1974 til januar 1975 var Bailey ein fast medlem i rytmeseksjonen til det australske hardrock-bandet AC/DC.[2] Han dukka opp i tidlege videoopptak av AC/DC, Last Picture Show Theatre-videoen av «Can I Sit Next To You Girl». I august varma AC/DC, med Bailey, opp for Lou Reed på hans Rock'n'Roll Animal-turné i Australia.[2] Bailey var bandmedlem under innspelinga av debutalbuma deira, og medan det blir rekna at han spelte på albumet High Voltage (gitt ut i februar 1975), vart æra for bassgitar på albumet gitt til George Young.[4] Etter Bailey slutta hadde ikkje AC/DC ein fast bassgitarist før Mark Evans i mars 1975; i løpet av den tida vart stillinga fylt av Larry Van Kriedt, Malcolm Young, den eldre bror hans George Young, og tidvis av Paul Matters.[5]
Bailey har opptredd med Wayne Green og Brett Keyser (ex-Innocent Bystanders) som Company of Men i Vest-Australia, støtta av The Dingoes. Robert Bailey har 3 døtrer, Nadine, Clare og Laura. Laura, fødd i 1991, speler også bassgitar.