Robert Edward Lee (19. januar 1807–12. oktober 1870) var ein amerikansk offiser og den mest framgangsrike generalen for Sørstatane under Den amerikanske borgarkrigen. Han var øvstkommanderande for Army of Northern Virginia, denne avdelinga stod for større delar av dei offensive operasjonane til denne sørstaten. Lee blei til slutt kommanderande general for alle styrkane til sørstatane. Etter krigen jobba han for forsoning, og dei siste åra sine var han rektor på ein høgskole (college). Lee er ein berømt person i USA til dags dato.
Bakgrunnsstoff