Eit av dei mest kjende arbeida hans er altertavla «Nedtakinga frå krossen» frå ca. 1435.
I det gamle hospitalet i Beaune, som no er museum, kan ein sjå ei anna altertavle som reknast for å vere måla av van der Weyden. Denne altartavla er ein polyptyk som består av ni panel som er hengsla saman. Seks av panela er målte på begge sider. Når altartavla er open, viser dei ni panela hovudmotivet til altertavla, dommedag.