Van Zant skipa eit band kalla My Backyard[2] seint på sommaren 1964 med vener og skulekameratane Allen Collins (gitar), Gary Rossington (gitar), Larry Junstrom (bass) og Bob Burns (trommer). Desse fire gjekk under fleire forskjellige namn før dei slo seg til ro med Lynyrd Skynyrd.
Den 20. oktober 1977 gjekk flyet som flydde bandet mellom konsertane deira i Greenville i Sør-Carolina og Baton Rouge i Louisiana tom for drivstoff utafor Gillsburg i Mississippi. Passasjerane fekk melding om problema og vart fortalt å førebu seg for ein styrt.[5] Van Zant døydde av hovudskadar etter at flyet råka eit tre. Bandkollegaene Steve Gaines og Cassie Gaines, og den assisterande turnémanageren Dean Kilpatrick, piloten Walter McCreary og medpiloten William Gray, mista òg livet. Resten av bandet vart alvorleg skadde men overlevde.[6] Van Zant vart 29 år gammal.
Den yngre broren til Van Zant, Johnny, tok over som ny vokalist i bandet då bandet starta opp att i 1987.
United States Social Security Death Index Master File, database (Alexandria, Virginia: National Technical Information Service, ongoing). (3. juli 2015). «Ronald Van Zant Social Security Death Index». Henta 3. juli 2015. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
Anderson, R. Michael (30. juni 2000). «Van Zant's tomb defaced». The Florida Times-Union. Arkivert frå originalen 26. september 2012. Henta 5. juli 2008.