Tettstaden har 1 271 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg mellom Reisfjorden og Reisvatnet. Sørreisa har tre daglegvarebutikkar og post i butikk, hotell, bibliotek, kulturhus, kino, idrettshall og symjehall. Sørreisa sentralskole er lokalisert her, med dei fem siste klassetrinna i grunnskolen.[1][2]
Sørreisa er møtepunkt for fylkesvegane 86 og 84. I tettstaden står Straumen kapell, ei langkyrkje i tegl og tre frå 1973. Om lag 5 kilometer sørvest for tettstaden ligg bygda Skøelv.