Sauland er ei bygd og administrasjonssenteret i Hjartdal kommune i Telemark fylke.
Bygda ligg i dalføret til Hjartdøla vest for Notodden. Her er det jord- og skogbruk, i tillegg til litt småindustri. Frå Sauland går fylkesveg mot nordvest til Tuddal og vidare forbi Gausta til Rjukan.
Europaveg 134 (Drammen–Haugesund) går gjennom Sauland og Hjartdal mot vest. Ved vegen står Sauland kyrkje, ei krosskyrkje frå 1863.
Sjå òg
Kjelder